Pressemelding -
Økonomi foran pasientsikkerhet
- Arbeidsgiver vil spare penger på pasientenes regning, sier leder i Yngre legers forening (Ylf) Christer Mjåset til ukeavisen Dag og Tid.
«Spekter har det seinaste året ynskt at lækjarane skal gå frå å forhandla kollektivt om arbeidstida til å måtta forhandla individuelt. Det går ikkje lækjarane med på. Kvifor ikkje?
- Det me ynskjer, er å ha høve til kollektivt å forhandla fram forsvarlege vaktplanar for lækjarane våre, som alt er unnatekne frå arbeidsmiljølova.
Dersom systemet skal fungera, må me koma fram til vaktplanar på vegner av heile vaktlag, ikkje at ein individuelt forhandlar fram ein plan med kvar einskild lækjar seier Christer Mjåset, leiar i Yngre legers forening (Ylf).
- Det me er urolege for, er at ein vil få mange uforsvarlege vaktplanar rett og slett av di det vil verta umogeleg for tillitsvalde å fylgja kvar einskild lækjar. Til sjuande og sist handlar det om pasientane.
Dei skal ikkje måtta møta ein trøytt lækjar, for ein trøytt lækjar er ein farleg lækjar. Me ynskjer at sjukehuset skal vera ein trygg plass for tilsette og pasientar, seier Mjåset.»
Related links
Emner
Kategorier
Om Legeforeningen
Den norske legeforening ble stiftet i 1886. Legeforeningen organiserer i dag ca. 97 prosent av alle norske leger og har over 30 000 medlemmer.
Legeforeningens formål er å jobbe for felles faglige, sosiale og økonomiske interesser for sine medlemmer, fremme kvalitet i legeutdanningen og den medisinske fagutvikling, fremme medisinsk vitenskap og å arbeide med helsepolitiske spørsmål.